top of page
DSC01590_edited_edited.jpg
DSC00498.JPG

1500 m svømming
40 km sykling 
10 km springing

Bygland IL arrangerer kraftprøva Bygland Triatlon i naturskjønne omgjevnader. Her får du som deltakar mogelegheita til å utfordre deg sjølv i svømming, sykling og springing. Arrangementet er ope for alle.

Ein smak frå
prøvearrangementet i 2024

Foto: Roald Kvaale Skibsrud / Flaks Film

... og 2025

Film og redigering: Roald Kvaale Skibsrud

2025-trasé

Svømming

Svømminga skjer i vakre Byglandsfjorden. Fjorden er ferskvatn som på denne tida av året held behagelege temperaturar og lite vind. Traseen vil merkast med bøyer, og kajakkar og båtar vil leie deltakarar gjennom etappa.

Sykling

Sykkeletappa er ei lett kupert løype til Austad på austsida av fjorden, og ned att til Bygland på Riksveg 9 på vestsida av fjorden.

Springing

Springeetappa har alt. Omtrent halve traseen skjer på asfalt, medan resten skjer på skogssti og grus. Med på kjøpet får du omtrent 150 høgdemeter, så dette er ingen rekordløype! 

Praktisk informasjon

Race Brief Obligatorisk race brief vil bli publisert seinast to dagar før arrangementet. Race brief frå 2025 finn du her: https://www.youtube.com/watch?v=5sk5IHSjBFc

Generelt Bygland Triatlon gjennomførast med reglar sett i Norges Triatlonforbunds konkurransereglement. Dette finn du på NTF sine heimesider. Under arrangementet vil det bli teke bilete og filma. Dette vil kunne nyttast som marknadsføringsmateriell på eit seinare tidspunkt. Deltakarar som ikkje ynskjer dette må ta kontakt med arrangør direkte. Bygland Triatlon arrangerast av friviljuge, og overskotet går til Bygland IL.

Drikkestasjon Det kjem til å bli sett opp drikkestasjonar på springeetappa.

Løpsinformasjon Detaljert løpsinformasjon kjem her på heimesida, og vil bli oppdatert fram mot løpet. Obligatorisk race brief vil publiserast seinast to dagar før arrangementet, og vil vere siste oppdatering. Det vil bli sendt ut lenke til race brief nærmare løpsdagen, som inneheld oppdatert informasjon om grunnleggjande og spesielle forhold deltakarane må kjenne til. Det er obligatorisk for alle deltakarar å ha sett denne. Arrangøren tek atterhald om å kunne endre løypa når som helst av grunnar knytt til sikkerheit og logistikk.

Skiftesone Sykkelen plasserast i skiftesona på nummerert plass som tildelast ved utdeling av startnummer. Ekstra utstyr skal gjennom konkurransa plasserast innanfor det tildelte området, slik at det ikkje er til hinder for andre utøvarar. Skiftesona er vokta frå innsjekk til utsjekk, og kun utøvarane med startnummber kan hente ut utstyret sitt etter konkurransa.

Resultat Deltakarar og tilskodarar har tilgang til resultata gjennom tenestene til EQTiming. Eventuelle feil meldast til sekreteriatet så fort som råd etter målgang.

Sikkerheit Som arrangørar tek me dei atterhalda me kan, men du som deltakar er likevel ikkje skåna for risiko. Alle utøvarar har sjølv ansvar for att sitt eige utstyr er i orden og oppfyller visse standardar, og ein er fysisk skikka for påkjenninga ei deltaking vil ha. Innan løpsdagen skal du ha sørga for at ein har erfaring med svømming i ope vatn. Det vere vaktar som følgjer med og vil kunne hjelpe, men me har ikkje kapasitet til å hjelpe alle. Sørg derfor for å gjere deg trygg i vatnet før konkurransa. Innan løpsdagen skal du også ha sørga for å ha erfaring med å sykle på trafikkert veg. Det er ikkje gitt dispensasjon til å stenge av vegen, og trafikk vil derfor førekome.

Søppel All forsøpling er forbode. Gels, flasker osv. som konsumerast utanfor drikkestasjonsområde skal takast med vidare og kastast i søppelbøtter.

Lisens, forsikring og klubbtilhøyrigheit Alle deltakarar må teikne heilårs- eller eingangslisens for å kunne ta del. Denne registrerast/kjøpast ved påmelding.

Veiratterhald Ved forhold på konkurransedagen med stor nok innverknad vil arrangør ta føre seg endringar i sjølve konkurransa, som å korte inn distanser eller gjere konkurransa til eit duatlon (sykkel og springing).

Marknadsføring Under arrangementet vil det bli fotografert og filma. Materialet vil kunne nyttast i marknadsføring til seinare arrangement. Dersom du ikkje ynskjer dette, kontakt Iver på 47923118. Legg gjerne ved startnummer.

Ofte stilte spørsmål

!
Widget Didn’t Load
Check your internet and refresh this page.
If that doesn’t work, contact us.

Friviljuge

Bygland Triatlon kan ikkje arrangerast utan friviljuge, så meld deg gjerne som funksjonær om du ikkje har tenkt å delta sjølv ved å trykke på knappen under!

Omtale og bilete

Reportasje i Setesdölen

2024

setesdolen.png

2025

setesdolen.png

Bilete frå 2024

Reportasje i fvn

Reportasje i Avisen Agder

drive.webp
fvn.png
aagder.jpg

Samarbeidspartnarar

Vil også din bedrift støtte Bygland Triatlon? Kontakt Iver på telefonnummeret under!

Fleire spørsmål?

Iver Kvaale Skibsrud: 47923118

Bergtor Haugå: 97776774

Bygland IL

Finn du ikkje det du leitar etter? Har du nokre spørsmål til leiinga? Ikkje ver redd for å kontakte oss på telefon eller mail. Du finn styret i Bygland IL under "Om oss".

Email: post@bygland-il.no

Organisjons.nr: 986 861 084

Grasrot Plakat Liggende.png
Vår hovudsponsor:
e-h logo.png
bottom of page